Skipsbygging

I Kleven er vi del av ein stolt skipsbyggingskultur - ein kultur som har blitt utvikla gjennom mange tiår. Vår skipsbyggingsorganisasjon er eit avansert system skreddarsydd for eitt formål: Å levere dei mest lønsame og effektive løysingane til verdas leiande reiarlag.
Kleven har ei historie som strekkjer seg nesten hundre år tilbake i tid. Gjennom heile historia har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig betre arbeidsmetodar og resultat vore eit kjennemerke. Berre dei siste ti åra har vi levert 80 fartøy frå dei to verfta våre. No posisjonerer vi oss i ein aktiv marknad prega av tøff konkurranse gjennom modernisering av verksemdene våre på alle plan. Vi investerer i ny kunnskap, nye anlegg og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.

Olympic Orion