Viking Neptun overlevert til Eidesvik

Største farøy i Kleven si historie

17. februar 2015 vart byggnr. 365, Viking Neptun, overlevert frå Kleven Verft til Eidesvik. Subsea konstruksjonsskipet er designa av Salt Ship Design, og er med sine 145 meter i lengde og 31 meter breidde det største fartøyet konsernet nokon gong har bygd.

Viking Neptun vert eit svært kraftig verktøy for reiarlaget: Med mellom anna ei 400-tonns offshorekran og ei 100-tonns offshorekran kan skipet handtere tunge undervatnsinstallasjonar. Skipet har og ein karusell for legging av fleksible rør med kapasitet på heile 4400 tonn. Dekkskapasiteten er på 2600 m2, og fartøyet har lugarkapasitet til 150 personar. Viking Neptun har isklasse ICE 1B og kan dermed operere i arktiske farvatn.

Viking Neptun skal døypast i Stavanger 28. februar, og går deretter direkte ut i kontrakt med Technip.