Viking Neptun døypt og klar for operasjon for Technip

Viking Neptun, byggnr. 365 frå Kleven Verft, vart døypt i Stavanger laurdag 28. februar.

230 inviterte gjestar såg gudmor Patricia Pilenko knuse champagneflaska mot skutesida, og ønske skip og mannskap hell og lukke på alle hav. Viking Neptun går no rett i operasjon for Technip ved Gullfaks-feltet.

Nybygget, som er det største skipet nokon gong både for Kleven Verft og for Eidesvik, er av designet Salt 301 OCV frå Salt Ship Design.

Med lugarkapasitet til 150 personar, er det mange som skal ha Viking Neptun som arbeidsplass i lengre perioder om gongen. Det har blitt lagt stor vekt på å gjere fartøyet til ein komfortabel og triveleg arbeidsplass. Det er kunstnaren Janne Robberstad frå Bømlo som har hatt ansvaret for den kunstneriske utsmykkinga om bord. I tillegg til hennar eigne kunstverk finn ein også kunst frå Brian Wallace og Jan Willy Folgerøholm, og frå mange barn og unge i Eidesvikklubben.

Skipet er 145,6 meter langt og 31 meter breidt, og er utstyrt med to store offshorekraner - den eine på heile 400 tonn. Skipet er også utstyrt med ein karusell for legging av fleksible rør, og denne har ein kapasitet på 4400 tonn. Med isklasse ICE 1B er Viking Neptun også førebudd for operasjonar i arktiske farvatn. Dekk-kapasiteten er på 2600 m2, og skipet har lugarkapasitet til 150 personar.

Kontrakten om bygging av fartøyet vart offentleggjort i juni 2012, og hadde ein kontraktspris på 1,2 milliardar kroner.

dåp 365
Frå venstre: Thierry Pilenko (President, Technip), Patricia Pilenko (gudmor), Terje Kallevåg (Kaptein Viking Neptun), Jan Fredrik Meling (konsernsjef, Eidesvik), Ståle Rasmussen (konsernsjef, Kleven).