Ugland tingar ny PSV

361 Ugland
Kleven Maritime har inngått kontrakt med offshore-reiarlaget Ugland Offshore om bygging av eit plattform supply-fartøy av typen SALT 100 PSV. Utrustinga vil skje ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og fartøyet skal leverast i fyrste kvartal 2014. Kontrakten inneheld også ein opsjon på eit fartøy til.

Kleven Maritime har eit offshorefartøy til Ugland under bygging ved Myklebust Verft i Gursken. Dette fartøyet, ein PSV av typen VS 485 MK II, skal leverast i juni i år.

- Vi set stor pris på at Ugland no kjem tilbake og ønskjer å bygge enda eit fartøy hos oss, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime.  - Det er ei tillitserklæring til heile organisasjonen vår. Ugland er eit tradisjonsrikt selskap som no igjen satsar i offshoremarknaden, og vi ser fram til å fortsette det gode samarbeidet vi har fått etablert.

J.J.Ugland-selskapa (JJUC) etablerte Ugland Offshore i 2011, og var med det tilbake i offshoremarknaden. Frå før har Ugland bulk-fartøy, shuttle-tankarar, lekterar og anna maritim verksemd.

Det nye fartøyet, designa av Salt Ship Design AS på Stord, er 88,9 meter langt, 20 meter breitt og med innreiing for 24 personar. Designet av typen Salt 100 innheld fleire nye og framtidsretta løysingar, og er skreddarsydd for å møte oljeselskapa sine krav til eit moderne plattform supply-fartøy. Salt 100 kombinerer nyvinningar innan design og teknologi for å oppnå betra driftsøkonomi, høgare sikkerheit og meir effektive operasjonar. Fartøyet har svært lavt drivstoff-forbruk, og er det første i sitt slag som tek i bruk ei ny og meir effektiv løysing for lasthandtering.

Kleven Maritime har ein ordrereserve på 12 skip til ein samla verdi på om lag 6 milliardar kroner.


Ulsteinvik, 06.06.2012