Spesialskip for utvinning av diamantar

Kleven har inngått kontrakt med De Beers Marine Namibia om bygging av eit 112 meter langt spesialskip for gruvedrift på havbotnen.

De Beers er verdas største diamantselskap, og har 125 års erfaring innan utvinning og handel med diamantar. Dei driv óg ei rekke svært eksklusive forretningar verda over.

Fartøyet er av typen MT 6022 frå Marin Teknikk. Dette er i utgangspunktet eit velprøvd design for offshore konstruksjonsfartøy, men fartøyet vil bli utstyrt med eit breidt spekter av spesialutstyr.

- Gruvedrift på havbotnen er eit nytt segment for Kleven, og vi ser fram til å jobbe nært saman med De Beers og Marin Teknikk for å skape eit nøye tilpassa spesialfartøy til dette formålet. Vi har i samarbeid med Marin Teknikk utvikla og bygd mange prototypar, og vår erfaring og ekspertise frå offshoresegmentet kombinert med De Beers sin kompetanse og strategi har ført til utviklinga av dette unike fartøyet, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Kontrakten er delt i to separate faser, med eit atterhald om endeleg byggegodkjenning i løpet av første kvartal 2015.

Fartøyet skal leverast frå Kleven Verft sommaren 2016. Kleven har no 18 fartøy i ordreboka, med ein samla verdi på om lag 12 milliardar kroner.