Edda Freya dåp
Frå venstre: konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, administrerande direktør i Deep Ocean, Bart Heijermans, eigar av Østensjø Rederi, Johannes Østensjø, gudmor Kjersti Bårdsen, kaptein Harald Nordstrand, chief Odd Helge Habbestad og administrerande direktør i Østensjø Rederi, Kenneth Walland

Skipsdåp for Edda Freya

Fredag 15. april vart Østensjø sitt nyaste fartøy, konstruksjonsskipet Edda Freya, døypt ved kaia på Kleven Verft.

Den 150 meter lange kjempen er av dei største fartøya Kleven har bygd, og konsernsjef Ståle Rasmussen rosa dei tilsette for arbeidet som har blitt gjort på det som han karakteriserte som det mest krevjande prosjektet verftet har hatt.

Gudmor Kjersti Bårdsen gjorde alt riktig, og til tonane frå Hasund og Dimnøy skulekorps gjekk dei ca 120 dåpsgjestane om bord i det flotte fartøyet for omvising og lunsj.

Sundgotmarka barnehage
Kjekt dåpsbesøk frå Sundgotmarka barnehage!

Skipet skal leverast til Østensjø Rederi i slutten av april, og går inn i ein langtidskontrakt med DeepOcean.