Skal bygge subsea konstruksjonsskip for Eidesvik

365 Eidesvik
Kleven Maritime skal byggje subsea konstruksjonsfartøy for Eidesvik –  kontraktsverdi over 1 milliard kroner

Kleven Maritime har inngått kontrakt med Eidesvik om bygging av eit subsea konstruksjonsfartøy av SALT 301 OCV-design. Fartøyet skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og kontrakten har ein verdi på omlag 1,1 milliardar kroner. Kontrakten inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.

- Vi er svært glade for at Eidesvik vel å bygge dette store og avanserte fartøyet på Kleven Verft, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. – Vi ser fram til å fortsette samarbeidet med Eidesvik, og til å kunne levere dette komplekse skipet som vi har stor tru på vil verte ein god og sikker arbeidsplass og ei god investering for Eidesvik.

Det nye konstruksjonsfartøyet er utvikla av Eidesvik i nært samarbeid med Salt Ship Design på Stord og Kleven Maritime. Fartøyet blir 145 meter langt og 31 meter breitt, får ei dødvekt på omlag 13 500 tonn, og vil ha innreiing for heile 150 personar. Fartøyet vil mellom anna vere utrusta med to store offshorekraner; ei 400 tonns kran og ei 100 tonns kran. Levering av fartøyet er sett til andre kvartal 2014.

- Dette er eit stort fartøy, men anlegget vårt på Kleven Verft er dimensjonert for Panmax-fartøy, og er dermed godt eigna for denne størrelsen, seier Ståle Rasmussen.

Det har blitt lagt stor vekt på miljøvennlege løysingar, og skipet er godt førebudd for å møte framtidige miljøkrav også i arktiske farvatn.

Eidesvik Offshore og Kleven Maritime har samarbeidd om avanserte prosjekt også tidlegare, og var saman pionerar ved bygginga av verdas første gassdrivne supplybåt, Viking Energy, i 2003. Kleven Maritime leverte i mars i år det LNG-drivne offshorefartøyet Viking Prince til Eidesvik, og skal levere søsterskipet Viking Princess i september.


Ulsteinvik, 05.06.2012