Olympic 37|

Skal bygge IMR-fartøy for Olympic

Kleven har inngått kontrakt med Olympic Shipping om levering av eit IMR-fartøy (inspection, maintenance and repair) av typen MT 6021. Kontrakten har ein verdi på ca 400 millionar kroner, og fartøyet skal leverast frå Kleven Verft i mars 2015.
- Vi er glade for å kunne bidra til utvidinga av den svært avanserte flåten til Olympic. Nært samarbeid med Olympic sin organisasjon i løpet av byggetida sikrar at vi dreg lærdom av deira erfaringar om bord i tidlegare leverte nybygg, seier Ståle Rasmussen.

Designet frå Marin Teknikk er nytt, og er utvikla i nært samarbeid med reiarlaget. Smarte og miljøvennlege løysingar har vore eit viktig mål i utviklingsprosessen. Fartøyet er mellom anna utstyrt med ROV-hangarar og offshorekran, og har stor lugarkapasitet.

Kleven har no 13 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av nær 8 milliardar kroner.