Sjøsetting av 'diamantskipet'

Nujomo
Laurdag 9. januar kl. 10.00 vert 'diamantskipet' til Debmarine Namibia sjøsett frå beddingen på Kleven Verft.
Byggnr. 381 er det første fartøyet som har blitt spesialbygd for diamantutvinning på havbotnen. Etter levering frå Kleven Verft i juni i år, skal fartøyet til Sør-Afrika der spesialutstyr skal verte installert.