370.JPG

Sjøsette 116 meter lang yacht

Luksusyacht nr. to og byggnr. 370 vart sjøsett frå Kleven Verft i Ulsteinvik i dag.

Sjå video her: Sjøsetting 370, eller på våre facebook-side; www.facebook.com/kleven.no.

Dette er den andre yachten Kleven leverer til Graeme Hart frå New Zealand, og også denne gongen var Hart og familien tilstades ved sjøsettinga. Det første fartøyet, 107 m lange Ulysses, vart levert frå Kleven Verft i 2015 og er no på seglas i Middelhavet.

Fartøyet er av typen MT 5006 MKII ESV, designa av Marin Teknikk. Interiøret er designa av Oscar Mike Naval Architects i New Zealand. Fartøyet er spesialdesigna for lange ekspedisjonar i røffe farvatn, og kombinerer eit robust skrog med luksuriøst interiør. Fartøyet har innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli i år.