Seismic vessel contract with GC Rieber

Seismikk-kontrakt med GC Rieber

Kleven har inngått kontrakt med GC Rieber Shipping om bygging av eit seismikkfartøy. Kontrakten inneheld eit atterhald om styregodkjenning før den er effektiv. Fartøyet er av typen ST 324 XT frå Skipsteknisk, og skal utrustast ved Myklebust Verft for levering i mars 2015. Verdien er på omlag 700 millionar kroner. Kontrakten inneheld i tillegg ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.
Det avanserte seismikkfartøyet får isklasse ICE 1A*, noko som gir godt grunnlag for operasjon i arktiske område.

- Kompetanse på is har vore GC Rieber Shippings varemerke sidan starten. For å kunne tilby kundar løysingar for krevjande operasjoner i sårbare farvatn, er kvalitet, sikkerheit og miljø noko vi tek på høgste alvor, seier Irene Waage Basili, administrerende direktør i GC Rieber Shipping.

- Vi ser fram til å jobbe saman med GC Rieber Shipping om dette avanserte prosjektet. GC Rieber er ein solid og tradisjonsrik aktør, og vi er svært glade for at dei har valt Kleven til bygging av sitt nye seismikkfartøy, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Kleven har no 15 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av 8,1 milliardar kroner.