Sanco Sword levert

Sanco Sword levert frå Myklebust Verft

Går rett i oppdrag i Barentshavet, to veker før tida.

Seismikkfartøyet Sanco Sword vart levert frå Myklebust Verft til Sanco Shipping torsdag 27. mars, og er no på veg til seismikkoppdrag i Barentshavet. Fartøyet har ei femårskontrakt med Dolphin Geophysical.

- Vi er svært stolte over å kunne ta i bruk dette fartøyet frå Sanco Shipping. Myklebust Verft, reiarlaget og alle deira profesjonelle fagfolk har enda ein gong vist at dei er dei beste innan sitt område. Dei har levert dette komplekse seismikkfartøyet til avtale pris, før avtalt leveringstid og ferdig rigga klart til å utføre seismikkoperasjonar for Dolphin, seier Atle Jacobsen, CEO i Dolphin i ei børsmelding.