Resultat 2015

- Ei solid ordrebok og nye kontraktar med blant anna Hurtigruten, gjer at vi er trygge på at vi skal snu det dårlege 2015-resultatet til eit positivt resultat for 2016, seier konsernsjef Ståle Rasmussen. Etter rekneskapsmessig avsetning for tap på eit ikkje levert farty (bygg nr. 379), leverte Kleven-konsernet eit driftsunderskot på 250 millionar kroner i 2015, mot eit overskot på 76 millionar kroner i 2014.

Årsaka til underskotet ligg i tap og store tapsavsetningar knytt til enkeltprosjekt, særleg byggnr. 379. Resultatet inkluderer eit urealisert tap på valutasikring. Sidan levering av byggnr. 379 ikkje er endeleg avklara, vert den negative marknadsverdien av valutasikringa tapsført i 2015. Men også eit lavare aktivitetsnivå enn normalen trekker resultatet ned.

- Resultatet for 2015 er sterkt prega av eit enkeltprosjekt der kunden ikkje har tatt levering av fartøyet. Dette er eit problem for heile vår bransje, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.  - Vi arbeider aktivt med konkrete tilbod om sysselsetting for skipet, og har håp om å finne ei akseptabel løysing innan rimeleg tid.

- Vi har ei solid ordrebok, med levering til mange ulike segment som er uavhengige av svingingane i offshoremarknaden. Fiskefartøy, yacht, fartøy for utvinning av diamantar på havbotnen, brønnbåtar og kabelleggar er nokre av desse. I tillegg kjem den nyleg stadfesta kontrakten med Hurtigruten på levering av opptil fire store hurtigruter som også skal nyttast som ekspedisjonsskip i polare strøk.

Det at vi vinn kontraktar i dagens tøffe internasjonale konkurranse viser at vi har tillit i marknaden og vi er trygge på at vi skal snu det dårlege 2015-resultatet til positivt resultat for 2016, seier Rasmussen.

Driftsinntektene for konsernet utgjorde i 2015 3,7 milliardar kroner, ein reduksjon frå 5 milliardar i 2014. Det var eit lågare aktivitets- og marginnivå i 2015 enn normalen dei siste åra.

Konsernet leverte i løpet av 2015 sju nybygg. Samla kontraktsverdi for dei leverte skipa er om lag 4,4 milliardar kroner. Myklebust Verft gjennomførte i tillegg fleire ettermarknadsoppdrag.

Kleven har pr. i dag 18 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi på ca. 11,5 milliardar kroner.

Konsernet ser også ein auke i volumet for ettermarknadstenester retta mot offshorereiarlaga og er her godt posisjonerte, med ei flytedokk som er stor nok til å dokksetje dei aller fleste skipa i flåten.

Ved utgangen av 2015 hadde konsernet 710 tilsette, mot 766 i 2014.