Remøy Shipping tingar LNG-fartøy

356 Remøy Shipping
Kleven Maritime har inngått kontrakt med Remøy Shipping om bygging av eit LNG-drive plattform supply-fartøy. Fartøyet skal leverast i tredje kvartal 2014, og går då direkte inn i ein langtidskontrakt Remøy Shipping har inngått med Statoil. Kontrakten har ein verdi på ca 400 millionar kroner for Kleven Maritime. I tillegg inneheld kontrakten også ein opsjon på eit fartøy nummer to.
Statoil har nyleg tildelt kontrakter for leige av sju nye forsyningsfartøy til norsk sokkel. Tre av desse tre skal byggast av Kleven Maritime. Atlantic Offshore annonserte 3. juli at dei har valt Kleven Maritime og Myklebust Verft til å bygge to fartøy som dei har vunne 6-årskontrakter med Statoil for, og no er det også klart at Remøy Shipping har valt Kleven Verft til å bygge sitt nybygg.

- Vi set stor pris på at Remøy Shipping har valt Kleven Verft til sitt nyaste prosjekt, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. Statoil har spesifisert den nyaste miljøteknologien for nybygga, og vi ser fram til å jobbe saman med Remøy Shipping om realiseringa av dette drivstoffeffektive fartøyet, seier Rasmussen.

- Konkurransen om byggekontrakten har vore hard, men Kleven Maritime har lang erfaring og stor kompetanse når det gjeld bygging av LNG-drivne fartøy. Det, kombinert med god kvalitet og konkurransedyktige vilkår, var avgjerande for vårt val av Kleven Verft denne gongen, seier Per Gunnar Jarnes, administrerande direktør i Remøy Shipping.

Fartøyet er av typen VS 4412 DF PSV frå Wärtsila Ship Design Norway, 92 meter langt og 20 meter breitt.

Kleven Maritime har no 14 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av ca. 6,7 milliardar kroner.


Ulsteinvik, 16.07.2012