Rem Pioneer overlevert

Byggnr. 364 frå Kleven Verft overlevert til Rem Offshore ASA 6. juni. Med det har Kleven levert seks fartøy dei siste tre månadane.

Torsdag 5. juni vart Rem Pioneer døypt under ein seremoni i Ålesund. Idag, fredag 6. juni, vart fartøyet formelt overlevert frå Kleven Verft til Rem Offshore. Det 117 meter lange konstruksjonsfartøyet er det største i den omfattande Rem-flåten, og skal no rett ut i oppdrag for italienske Micoperi Marine Contractors i Middelhavet. Der skal fartøyet utføre reparasjon og andre operasjonar på havbotnen.
Rem Pioneer
Foto: Harald M. Valderhaug


dåp Rem Pioneer
Chief Eivind Eik, reiar Åge Remøy, konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, gudmor Maria Remøy Aurvåg og kaptein Ole Bjørn Borgund.