Dåp 352

Rem Ocean levert

Byggnr. 352 formelt levert frå Kleven Verft til Rem Offshore onsdag 5. mars 2014. Fartøyet går rett i jobb for Statoil.

Rem Ocean, byggnr. 352 frå Kleven Verft, er av dei største og mest avanserte subsea konstruksjonsfartøya som er bygd ved norske verft. Fartøyet er skreddarsydd for eit Statoil-oppdrag og for Statoil sine behov for inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av installasjonar på havbotnen.

Det er Haugesund-baserte Deep Ocean som skal utføre desse oppdraga om bord i Rem Ocean.
Fartøyet går rett ut i arbeid for Statoil etter levering, og er sikra arbeid i minst fem år framover.
Fartøyet er 107 meter langt, 22 meter breidt, og med lugarkapasitet til 90 inkludert Rem sitt faste mannskap på 25.

Rem Ocean er det første fartøyet Kleven har levert med tårn. Tårnet er plassert over moonpool, og skal handtere utsetting/opptaking av utstyr frå havbotnet. Dette er ein enklare og meir effektiv måte å handtere det på en om ein må bruke kran over skutesida. Fartøyet er utstyrt med mellom anna ROV'ar (fjernstyrte miniubåtar for inspeksjon av installasjonar på havbotnen).

Fartøyet skal i hovudsak operere på norsk sokkel, og har fleire vinter/is-tilpassa løysingar for bruk i nordområda.

Kleven leverte det første fartøyet til Rem i 2006. Rem Ocean vert fartøy nummer 16 som er levert frå Kleven til Rem sidan den tid. I tillegg har Kleven enda to Rem-fartøy i ordreboka - eit for levering i mai, det neste i april neste år.