Nytt fartøy til Rem

Rem-kontrakt nummer 16

Kleven skal levere konstruksjonsfartøy til Rem
Kleven har inngått kontrakt med Rem Offshore om bygging av eit 117 meter langt konstruksjonsfartøy. Dette er det femte store konstruksjonsskipet Kleven Verft skal bygge for Rem Offshore, som totalt har kontrahert 16 fartøy frå Kleven sidan 2006. 

Fartøyet er av typen MT 6022 L frå Marin Teknikk, og er basert på dei svært gode erfaringane Rem har hatt med Rem Clough, eit liknande fartøy som vart levert frå Kleven Verft i 2008.

- Vi har eit framifrå samarbeid med Kleven, og veit at vi her får levert båtar av god kvalitet til rett tid, seier reiar Åge Remøy. Marknaden for denne typen skip ser bra ut framover, og vi har inngått langtidskontrakter for to av dei tre konstruksjonsskipa vi no har i ordre.

- Det er alltid ei glede å inngå nye kontrakter med ein slik god samarbeidspartnar som Rem Offshore, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Kleven leverte det LNG-drivne offshore supplyfartøyet Rem Leader til Rem Offshore i januar i år, og vi har no tre konstruksjonsskip til Rem i ordreboka. Levering er sett til juni 2013, februar 2014, og andre kvartal 2014.

Kleven har no 14 fartøy i ordreboka, til ein verdi av ca 7,4 milliardar kroner.