Rem Fortune døypt og overlevert

Rem Fortune
Kleven Verft har overlevert byggnr. 360, Rem Fortune, til Rem Offshore. Fartøyet vart døypt ved kaia på verftet i Ulsteinvik i dag, og gudmor var June Wågsholm Rooney. Rem Fortune går inn i ei langsiktig fraktavtale med Conoco.
- Vi gled oss over å få utvida flåten vår med enda eit Kleven-bygd fartøy. Dette er ein skipstype vi kjenner frå før og som har blitt godt motteke i marknaden. I fjor fekk vi overlevert to fartøy av denne typen frå Kleven Verft - Rem Fortress og Rem Commander - og dette har vist seg å vere pålitelege og gode verktøy for oss og våre kundar, seier reiar Åge Remøy i Rem Offshore.

Rem Fortune er eit plattform supply-fartøy av typen VS 485 MK III, og designet har blitt vidareutvikla i forhold til Rem Fortress og Rem Commander. Mellom anna er overbygget fornya og linene optimalisert for redusert drivstoff-forbruk.
Det første Rem-fartøyet Kleven bygde heitte også Rem Fortune og vart levert i januar 2006. Sidan då har Kleven-verfta levert heile 14 fartøy til Rem Offshore. I tillegg har skipsbyggingskonsernet ytterlegare tre fartøy i ordreboka som skal leverast til Rem i juni i år og februar og mai neste år.

- Vi set stor pris på det nære samarbeidet vi har med Rem, og våre to organisasjonar jobbar svært effektivt og godt saman, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. 

Rem Fortune er første fartøy som vert levert med Conning Information Display-system frå Kleven Maritime Technology (KMT).
- Conning Information Display-systemet er ei nyutvikling frå KMT og vert levert som eit frittståande Kleven-produkt, fortel Trond Liavaag, dagleg leiar i KMT. Systemet viser skipet sine vitale data for mellom anna framdrift og rørslemønster, og er basert på ei heilt ny grafisk plattform designa med høg merksemd på eit brukarvennleg og intuitivt grafisk grensesnitt. Av nye funksjonar kan nemnast at roterande rørsler som til dømes propell- og vindretning syner historiske rørslemønster, seier Liavaag.
Rem Fortune har lett isklasse og møter DNV sine krav for Clean Design. Det 85 meter lange fartøyet har ei maksimumsfart på i overkant av 15 knop, eit lasteområde på dekk på om lag 1000 kvadratmeter og lugarkapasitet til 22 personar. Rem Fortune har også Comfort-klasse 3, noko som betyr krav til redusert støy og vibrasjon.


Ulsteinvik, 15. mai 2013