Rem Eir overlevert til Remøy Shipping

Verdas største gass-PSV levert,  går direkte i oppdrag for Statoil

Rem Eir, byggnr. 356 frå Kleven Verft, vart i dag, 26.11.2014, levert til Remøy Shipping. Rem Eir er 92,5 lang og har eit lastedekk på 1080 m2, og er med det det største supplyfartøyet med miljøvennleg, gassbasert framdrift i verda.

Rem Eir går direkte frå verftet og ut i eit langsiktig oppdrag for Statoil. Dette er det fjerde PSV-fartøyet Kleven leverer i år som går inn i oppdrag for Statoil. 

Sjå film her:  https://www.youtube.com/watch?v=7r0w9AMXaO0

Rem Eir