gudmor Sara Remøy
Gudmor Sara Remøy saman med bestefar og reiar Åge Remøy.

Rem Arctic døypt

Trangt om plassen då 20 m breie Rem Arctic bakka inn det 22 m breie innløpet til Fosnavåg hamn.
22. mai vart PSV'en Rem Arctic døypt i Fosnavåg. 10 år gamle Sara Remøy, barnebarn av reiar Åge Remøy, var gudmor, og gjorde jobben prikkfritt! I eit surt og ruskete maivêr ønska ho båt og mannskap hell og lukke.
gudmor 2
Fartøyet er spesialbygd for operasjon i arktiske strøk og er av typen VS 485 MK III ARCTIC. Kleven har levert fleire fartøy av liknande design, men dette nye Rem-fartøyet vil få klassenotasjonen Winterized Basic. Det betyr mellom anna at fartøyet får funksjonar for hindring av isdanning og avising, og at skrog og propellar får klasse ICE-1B. VS 485 MKIII Arctic er designa av Wärtsilä Ship Design, og inneheld mykje lokale leveransar og utstyr, mellom anna frå Hareid Group og Brunvoll.
Sjå video av innseglinga
https://www.youtube.com/watch?v=pdx0XOEUQGE