Rekordsterkt resultat for 2012

2012:
Kleven leverte det beste resultatet i konsernet si historie i 2012. Driftsresultatet kom på 263 millionar kroner, medan årsresultat før skatt vart 258 millionar kroner. 
Dei to verfta i konsernet, Myklebust Verft i Gursken og Kleven Verft i Ulsteinvik, leverte i løpet av 2012 sju fartøy til ein samla kontraktsverdi på ca 2,7 milliardar kroner. Kleven har no 15 skip i ordreboka, til ein samla kontraktsverdi på om lag 8 milliardar kroner. Til samanlikning hadde ein på same tid i fjor 9 skip i ordreboka til ein samla verdi på om lag 4 milliardar kroner.

Alle tilsette i konsernet vil også i år få utbetalt overskotsdeling på grunn av det svært gode resultatet. Ved utgangen av 2012 var det 518 tilsette i konsernet, mot 479 tilsette i 2011.

- Dei gode resultata siste åra set oss i stand til å gjere store investeringar for framtida. Desse investeringane vert gjort for å sikre at vi driv så effektivt og lønsamt som mogleg. Det er det viktigaste vi kan gjere for å skape trygge, interessant og framtidsretta arbeidsplassar i lokalsamfunna vi held til i, seier Kjersti Kleven, styreleiar i Kleven.

- Vi har ein langsiktig strategi der målet er å sikre at vi fortsatt skal bygge store, avanserte fartøy ved verfta våre på Sunnmøre. Vi har stor tru på at Kleven-måten å bygge båt på er ein fordel både for kundane våre og for oss. Ved å sette saman modular på eigen bedding har vi god kontroll på kvalitet og leveringstid. Vi er no i sluttfasen av ei stor utviding av hallkapasiteten på Kleven Verft, for å innføre større grad av robotisering og automatisering av byggeprosessane. Det gjer at vi kan ta heim til Ulsteinvik delar av stålbygginga som tidlegare har blitt gjort i Polen. Det gode 2012-resultatet gjer at vi kan fortsette denne investeringa i anlegga våre, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

- I løpet av 2012 vart det også investert i ein ny og større dokk på Myklebust Verft, noko som gjer at verftet no kan utføre service, reparasjon og ombygging også av dei største offshorefartøya. Fleire lokale reiarlag har alt nytta seg av denne moglegheita. Når det gjeld nybygg har verftet i Gursken blant anna tre store seismikkfartøy i ordreboka, noko som gjev arbeid til langt ut i 2015.

- Vi opererer i ein marknad med svært tøff konkurranse, og er audmjuke i forhold til den tilliten kundane våre viser oss ved å plassere sine nybyggingskontrakter hos oss. Det er også krevjande for ein organisasjon å skulle levere sju avanserte fartøy i løpet av eit år samtidig som vi gjennomfører eit stort og omfattande investeringsprogram. Eg vil rette ei stor takk til alle tilsette. Det er ei glede å få leie ein organisasjon prega av ein unik skipsbyggingskompetanse kombinert med vilje til hardt arbeid og ei løysingsorientert innstilling, seier Ståle Rasmussen. 

På fylkestinget i Ålesund i dag, 22. april,  fekk Kleven tildelt utmerkinga 'Årets bedrift 2012' i Møre og Romsdal.