Polar Empress gudmor
Gudmor Liv Hokholt får siste champagneknusings-instruksjonar av konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Polar Empress døypt

Største seismikkfartøy frå Myklebust Verft - går rett i arbeid.
16. april 2015 vart GC Rieber sitt nye flaggskip Polar Empress døypt ved kaia på Myklebust Verft. Det avansert fartøyet går direkte inn i ei femårskontrakt med Dolphin Geophysical, og første oppdrag inneber seismikkoppdrag i Barentshavet.
Polar Empress dåpspodiet
Største i GC Rieber-flåten
Det 112 meter lange og 26 meter breide fartøyet vert det største seismikkskipet i flåten til GC Rieber. På det meste kan skipet taue opptil 22 seismikk-kablar. Skipet, som er designa av Skipsteknisk i Ålesund, har isklasse ICE 1A*, noko som gjer fartøyet eigna for operasjon i arktiske område.
Polar Empress streamerar