Dåp Grand Canyon II
Frå dåpsseremonien: Frå venstre: Finn Syversen (CEO Volstad Maritime), Eirik Volstad (teknisk direktør Volstad Maritime), kaptein Jan Nakken, gudmor Mary-Lou Meixner, maskinsjef Kai Rune Gjervik og Ståle Rasmussen (konsernsjef Kleven). Foto: Olav Thokle.

Over 2000 om bord i Grand Canyon II

Dåp og ope skip i Ålesund laurdag 21. mars.
Over 2000 tok turen om bord då Volstad Maritime og Kleven inviterte til ope skip om bord i Grand Canyon II i samband med dåpen i Ålesund laurdag. Eit fantastisk ver sørga for ei strålande ramme rundt dåpen, og gudmor Mary-Lou Meixner hadde full kontroll då ho knuste champagneflaska mot skutesida og ønska skip og mannskap hell og lukke.
Dåp Grand Canyon folk
Over 2000 møtte opp og ville sjå det nye flotte konstruksjonsskipet frå innsida.
Grand Canyon II er det første av to søsterskip Myklebust Verft skal levere til Ålesundsreiarlaget Volstad Maritime, og fartøya er også designa av det Ålesundsbaserte designselskapet Skipsteknisk. Konstruksjonsskipa er 126 meter lange og med ei breidde på 25 meter, og har innreiing for 104 personar.
_OTH2050.jpg
Grand Canyon II ved Stornespiren i Ålesund. Foto: Olav Thokle.
I tillegg til at fartøyet er eit kraftig verktøy for operatørane, med blant anna ei 250-tonns og ROVar, har reiarlaget lagt stor vekt på at mannskapet skal trivast om bord. Resultatet er ein båt med fasilitetar om bord som ein vel knapt har sett maken til: svømmebasseng, badstu, solarium, treningsrom, bibliotek og kinosal med plass til 50 personar er nokre av tilboda om bord. Grand Canyon er det hittil største skipet levert frå Myklebust Verft. Verftet markerer i år 100-årsjubileum, og har denne våren den største aktiviteten nokon sinne. Tre store fartøy vert no utrusta og sluttført parallelt, og opp mot 1000 personar har hatt arbeidet sitt på verftet i Gursken denne våren.