Ope skip, Kulturdokka og dåp

Fredag 12. juli, markerer Kleven leveringa av sitt første seismikkfartøy. Det er reiarlaget Sanco Shipping i Gjerdsvika som har kontrahert i alt to fartøy av typen ST 324. - For Myklebust Verft er dette samstundes det største prosjektet så langt. Det er også spesielt at kunden kjem frå nabobygda Gjerdsvika, som ligg berre eit par mil frå verftet, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

- Det er også Sanco sitt største prosjekt til no, og det er ei stor glede for oss at vi fekk Kleven med på laget. Her har vi fått alt vi treng i vårt næraste nabolag, seier adm. dir. Ivar Slettevoll i Sanco Shipping.
Foto-av-Sanco-Swift-ved-kai-04-juli-2013.jpg
Sanco Swift ved kai 04 juli 2013
For å markere denne viktige milepælen, byd vi alle interesserte inn til ope skip fredag 12. juli frå kl. 1630.  Skodelystne kan då gå om bord i Sanco Swift og treffe representantar frå verft, reiarlag og operatørselskapet Dolphin Geophysical.
Seinare på kvelden inviterer vi til kulturshow i flytedokka ved Myklebust. Den store tilstrøyminga i juni 2012 gav meirsmak og i år har vi auka talet på lokale kulturkrefter. Saman med god mat frå grillen håpar vi programmet vil gje noko for ein kvar smak. Meir informasjon om sjølve programmet er å finne i våre annonsar og på Kleven sine sider på internett.
Sjølve dåpen av Sanco Swift skal skje ved verftet si kai laurdag 13. juli kl. 1100. Sjølve dåpsseremonien vil vere open for publikum. Inviterte gjestar vil deretter gå om bord til lunsj, før ein med hurtigbåt set kursen for Geiranger.

Program:
 
download   Kulturdokka-plakat.pdf
  
download   Kulturdokka---deltakarpresentasjon.pdf
 
For meir informasjon, ta kontakt med:
Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, mobil 909 36 493
Ivar Slettevoll, adm. Direktør i Sanco Shipping, mobil 95706032