Olympic Bibby innsegling
Presisjonsmanøvrering måtte til då skipet bakka seg inn den trange innseglinga til hamna.

Olympic Bibby døypt i Fosnavåg

Har langtidskontrakt med Bibby Offshore, og går rett i arbeid på britisk sektor i Nordsjøen.
Torsdag 9. april vart byggnr. 371 frå Kleven Verft, Olympic Bibby, døypt i heimehamna til reiarlaget Olympic. Subseafartøyet er 87.5 meter langt og 19 meter breitt - akkurat smalt nok til å kome seg inn den 22 meter trange innseglinga til Fosnavågen.
Olympic Bibby gudmor
Frå venstre: Ståle Rasmussen (konsernsjef Kleven), Stig Remøy (reiar, Olympic Shipping), Bjørnar Jenset (kaptein), Connie Brown (gudmor), Johnny Fredriksen (chief) og Mike Brown (styreformann, Bibby Offshore).
Gudmor Connie Brown gjorde jobben med glans, og ønska båt og mannskap hell og lukke. Olympic Bibby har lugarkapasitet til 68 personar, og er bygd for subsea inspeksjons-, vedlikehald og reparasjonsarbeid. Olympic Bibby er det sjuande offshorefartøyet Kleven har bygd for Olympic Shipping sidan 2011. Seinare i sommar skal fartøy nummer åtte, Olympic Nike, overleverast frå Kleven Verft.
Olympic Bibby døypt i Fosnavåg