Ocean Art

Ocean Art levert til Atlantic Offshore

Skal døypast under oljemessa i Stavanger 28. august.

Ocean Art, byggnr. 368, vart levert frå Myklebust Verft til Atlantic Offshore 6. august. Fartøyet er eit plattform supplyfartøy av Wärtsila-design VS 485 MK III L, og går rett frå verftet idag til Bergen, der den skal inn i ein langtidskontrakt med Statoil i Nordsjøen.

Søsterskipet Ocean Star vart levert i mai i år, og har også gått i kontrakt med Statoil sidan levering.

Ocean Art skal døypast i Stavanger 28. august.


Ulsteinvik, 07.08.2014.