Ny seismikk-kontrakt

358 Sanco
Kleven Maritime skal bygge enda eit seismikkfartøy for Sanco Shipping AS. Reiarlaget har erklært opsjon på eit søsterskip til seismikkfartøyet selskapet kontraherte ved Myklebust Verft i Gursken i juni 2011.
Fartøyet som det no er skrive kontrakt på skal leverast i første kvartal 2014. Det første seismikkfartøyet skal leverast i juli 2013. Kleven Maritime har no ni fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av over fire milliardar kroner.

- Vi er imponert over Sanco og deira satsing innan den svært avanserte seismikkmarknaden. Vi ser det som svært verdifullt å få etablert eit lokalt samarbeid også innan dette segmentet, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. 

- Kvalitet og levering til rett tid er heilt avgjerande for oss, og vi synest det er veldig flott at vi finn dette i nabobygda, seier Ivar Slettevoll, administrerande direktør i Sanco Shipping som held til i Gjerdsvika. – Vi vel å erklære opsjon på skip nummer to fordi vi ser fortsatt behov for ny tonnasje innan seismikkmarknaden.

Fartøyet av typen ST 324 CD er designa av Skipsteknisk AS i Ålesund, og er 96,15 meter langt, har ei breidde på 21,5 meter og ei dødvekt på 2 700 tonn.


Ulsteinvik, 02.05.2012