Ny Olympic-kontrakt til Kleven

New Olympic contract
Kleven skal bygge subseakonstruksjonsskip for Olympic Shipping

Olympic Shipping satsar på lokale leverandørar og har på nytt inngått kontrakt med Kleven om levering av eit subsea konstruksjonsskip av typen MT 6022 MK II, eit tilsvarande skip som selskapa inngjekk kontrakt om i juni i år. Fartøyet skal leverast frå Kleven Verft i mars 2014.

- Dei siste to åra har Olympic kontrahert seks førsteklasses fartøy for til saman 3 mrd. kroner hos Kleven, noko som er ei stadfesting av konkurranseevna til den norske maritime næringa på pris og kvalitet, seier reiar Stig Remøy i Olympic Shipping.

Dette er den tiande nybyggingskontrakten Kleven har inngått i år, og konsernsjef Ståle Rasmussen er svært glad for å kunne annonsere enda ein kontrakt til eit lokalt reiarlag no like før dei tilsette i konsernet går ut i juleferie.

- Vi har stor tru på marknaden for undervass-konstruksjonsskip, og designet vi har valt er attraktivt. Med denne ordren vil Olympic Shipping bli ein av dei større aktørane globalt innan dette offshoresegmentet, seier Stig Remøy.

- Vi set stor pris på at Olympic igjen vel å bygge hos oss, og vi ser fram til å levere to store subsea support- og konstruksjonsskip til nettopp denne kunden, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.