Ny Olympic-kontrakt

362 Olympic
Kleven Maritime har inngått kontrakt med Olympic Shipping om bygging av eit subsea support- og konstruksjonsskip av typen MT 6022 MK II. Utrustinga vil skje ved Kleven Verft. Kontrakten har ein verdi på ca. 600 millionar kroner, og inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy. Levering er sett til tredje kvartal 2013.
- Vi er midt i eit intensivt byggeprogram for Olympic, og er glade for at reiarlaget no vel å utvide dette med eit stort og avansert subsea-fartøy, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.

- Sikkerheit for våre sjøfolk og omsyn til miljøet er avgjerande kvalitetar for oss, og vi har eit stort byggeprogram for å sikre at vi fortsatt skal ha ei av dei aller mest framtidsretta og miljøvennlege flåtene av offshorefartøy i Noreg, seier reiar Stig Remøy i Olympic Shipping.

- Det siste halvåret har vi overtatt to nybygg frå Kleven Maritime. I tillegg skal vi overta eit nybygg neste veke og eit i november. I løpet av dei siste åra har vi kontrahert fartøy for rundt to milliardar kroner hos Kleven Maritime.  Kleven Maritime har vist at dei er konkurransedyktige både når det gjeld pris og kvalitet, og Olympic har sett stor pris på fleksibiliteten Kleven har vist i samarbeidet, seier Stig Remøy.

Det nye fartøyet, designa av Marin Teknikk i Herøy, blir 115 meter langt og 22 meter breitt. Fartøyet har innreiing for 110 personar, og vert mellom anna utstyrt med ei 250-tonns kran som kan utføre operasjonar på store havdjup.

Fartøyet vil innehalde leveransar frå mange lokale leverandørar, blant andre Marin Teknikk, Rolls-Royce, Hareid Elektriske og ABB.

Kleven Maritime har no 13 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av ca. 6,6 milliardar kroner.


Ulsteinvik, 15.06.2012