Ny kontrakt på luksusyacht frå Kleven

Kleven har inngått kontrakt om bygging av ein 116 meter lang luksusyacht av typen MT 5006 MKII ESV. Kunden er Graeme Hart, som for tida har eit fartøy av samme type under bygging ved Kleven Verft.

Det nye fartøyet vert nær ti meter lenger enn fartøyet som er under bygging, og er i likheit med det første fartøyet spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i tøffe farvatn. Designet kombinerer eit robust offshorefartøy-basert skrog med luksuriøst interiør og svært høg grad av komfort. Fartøyet er designa av Marin Teknikk i Herøy, i samarbeid med Kyle Dick i det New Zealand-baserte selskapet Oscar Mike Naval Architects.

- Det er svært gledeleg at Graeme Hart ønskjer å bygge enda eit spektakulært fartøy hos oss, og det er ei stor anerkjenning av det arbeidet våre tilsette har gjort til no på fartøy nummer ein. Utviklinga av desse fartøya viser også at det nære samarbeidet i den maritime klynga evnar å ta denne industrien vidare og inn i nye marknader, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Fartøyet vil innehalde utstyr frå fleire utstyrsprodusentar på Sunnmøre, blant andre Rolls-Royce, Hareid Group, Jets og Sperre.

Graeme Hart er ein erfaren yachteigar med fleire nybyggingsprosjekt bak seg, og har vore på Kleven Verft fleire gongar for å følgje med i byggeprosessen.

-Eg er svært nøgd med kvaliteten på arbeidet som Kleven har utført til no, og med korleis våre organisasjonar har jobba ilag for å verkeleggjere dette spennande prosjektet. Eg gled meg verkeleg til å sjå begge fartøya ferdigbygde, seier Graeme Hart.

Det 116 meter lange fartøyet vil ha ei innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli 2016. Det første fartøyet skal leverast frå verftet sommaren 2015.
5006 2