Ny kontrakt med Olympic

Kleven har inngått kontrakt med Olympic Shipping om levering av eit IMR-fartøy (inspection, maintenance and repair) av typen MT 6021 MKII for levering sommaren 2015.
Fartøyet er designa av Marin Teknikk, og er ei vidareutvikling av MT 6021-designet som eit søsterskip med levering i mars 2015 har. Begge fartøya skal leverast frå Kleven Verft.

Kontrakten har ein verdi på ca 450 millionar kroner. Fartøyet er mellom anna utstyrt med ROV-hangarar og ei 80 tonns offshorekran, og har lugarkapasitet til 80 personar.

Kleven har 13 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av ca 8 milliardar kroner.
Ny kontrakt med Olympic