NKT Victoria døypt og overlevert

NKT Victoria Olav Thokle
Kan bli 'Ship of the Year 2017'
Kabelleggingsfartøyet NKT Victoria, byggnr. 372 frå Kleven Verft, vart døypt i Karlskrona, Sverige 4. mai 2017. Fartøyet er ein av finalistane i årets 'Ship of the year' som vert kåra under NorShipping 30. mai. Fartøyet vart overlevert frå verftet til NKT Cables 10. april i år. NKT Victoria er eit av verdas mest avanserte kabelleggingsfartøy, og er no på veg til Skotland for første oppdrag.