Myklebust Verft skal bygge spansk trålar

Pesquera
Kleven har inngått kontrakt med spanske Pesquera Ancora S.L.U. om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.

Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, og skal leverast frå Myklebust Verft i februar 2018.

- Det er svært hyggeleg og veldig viktig at vi no har fått på plass enda ein fiskebåtkontrakt på Myklebust Verft, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

- Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, seier Rasmussen.

Myklebust Verft har med dette fire nybygg av samme Rolls-Royce-design i ordreboka; to til DFFU i Tyskland, eit til CDP Saint-Malo & Euronor i Frankrike, og no altså eit til Pesquera Ancora i Spania.

I tillegg har verftet to brønnbåtar til Sølvtrans, ein pelagisk trålar/snurpar til danske Gitte Henning og eit konstruksjonsskip til Volstad i ordreboka.

Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet.