Myklebust skal bygge to for Atlantic

368 Atlantic
Kleven Maritime har inngått kontrakt med Atlantic Offshore om bygging av to plattform supply-fartøy til ein samla verdi av i underkant av 700 millionar kroner. Fartøya skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken. Kontrakten inneheld også ein opsjon på eit tredje fartøy.
- Atlantic Offshore er ein ny kunde for oss, og vi ser fram til å utvikle samarbeidet med dette reiarlaget, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. - Det er viktig for oss at vi no har fått to nybygg til i ordreboka ved Myklebust Verft, og vi ser det som ei anerkjenning av det arbeidet våre tilsette utfører kvar dag for å sikre reiarlaga kvalitetsskip til krevande oppdrag. Kvar skipsbyggingskontrakt vi får, fører også til store og viktige ringverknader for anna næringsliv i våre lokalmiljø.

- Kvalitet og konkurransedyktige vilkår var avgjerande for vårt val av Kleven Maritime og Myklebust Verft for dette oppdraget, seier Roy Wareberg, adm.dir. i Atlantic Offshore. 

Det Sotra-baserte selskapet Atlantic Offshore har blitt tildelt to langtidskontrakter med Statoil, og dei to fartøya det no er skrive kontrakt for skal rett ut i oppdrag for selskapet i Nordsjøen etter overlevering i første og tredje kvartal 2014.

Fartøya er av typen VS 485 MKIII L, ei forlenging av ein skipstype Kleven Maritime har bygd fleire av tidlegare. Dei vert 90 meter lange, og med eit dekksareal på over 1000 kvadratmeter.

Kleven Maritime har no 14 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av ca. 6,8 milliardar kroner.


Ulsteinvik, 02.07.2012