Kulturdokka 2015

Laurdag 13. juni inviterer vi til feiring av våre første 100 år!
Denne dagen gjer vi om dokka på Myklebust Verft til festområde, og inviterer bygdefolk og alle andre folk til grillmat, kaker og underhaldning. I Kulturdokka 2015 vil du frå scena få oppleve Ulstein mannskor, Torill Myren, Martine Almestad Hauge m/band, Gursken Brass, ordførar Dag Vaagen, Siréne, Oskar Fjørtoft Sandanger, Bojah Crew, Amalie Bøe Opsal, Klevenbandet og sist men ikkje minst Ingebjørg Bratland. Det vert aktivitetstelt for borna, og lansering av den nye Kleven-boka.