Konstruksjonsfartøy til Rem

Rem signs new contract
Kleven Maritime har inngått kontrakt med Rem Offshore om bygging av eit stort og avansert konstruksjonsfartøy til ein verdi av ca. 550 millionar kroner.
- Kleven Maritime og Rem har hatt eit svært godt samarbeid over mange år, og vi tek det som ei stor tillitserklæring at Rem igjen kontraherer hos oss, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. Kleven har til no levert 12 fartøy til Herøy-reiarlaget, og har også eit LNG-drive fartøy under bygging som skal leverast til Rem i desember i år.

- At vi kontraherer no viser at vi trur på marknaden. Etterspurnaden etter denne type farty trur vi vil vere god framover, seier reiar Åge Remøy.  – Vi har gode erfaringar med ‘Rem Forza’, som også er av same type og som blei overlevert frå Kleven Verft til Rem i august 2008.

- Med ei lengd på 108 meter og ei breidde på 22 meter vil det vere av dei største offshorefartøya Kleven Verft har bygd. Fartøyet vil ha lugarkapasitet for 110 personar, og vi skal gjere alt det vi kan for at dette skal verte ein god og trygg arbeidsplass for dei, seier Ståle Rasmussen.

Subsea støtte- og konstruksjonsfartøyet er av typen MT6022 frå Marin Teknikk i Tjørvåg. Fartøyet vil mellom anna vere utstyrt med ei kraftig kran som kan løfte 250 tonn ned til 650 meters djup, eller 135 tonn på 3000 meters djup.

Nybygget skal leverast i juni 2013.


Ulsteinvik, 23.04.2012