Kleven Verft kvalitet- og miljøsertifisert

Kleven-ISO_sertifisert.jpg
Kleven Verft AS er no sertifisert i samsvar med både kvalitetsstandarden ISO 9001:2008 og miljøstandarden ISO 14001:2004. Kleven Verft er det første verftet i Noreg som oppnår denne miljøsertifiseringa.
Trond Øvrelid frå DNV har vore revisjonsleiar for arbeidet i Kleven, og han legg vekt på at det er dei praktiske arbeidsmetodane som eksisterer ved verftet som tilfredsstiller dei strenge krava innan både kvalitet og miljø.

- Det er den gode vanen, ikkje den gode viljen, som vert sertifisert, seier Øvrelid.

- Utgangspunktet vårt var at vi ønska å systematisere rutinene våre, seier QA-leiar i Kleven, Karen Lise Sundgot. Ho har leia arbeidet med å dokumentere og systematisere arbeidsprosessane fram til sertifisering, og fortel at målet er at kvar avdeling skal jobbe så smart og effektivt som mogleg gjennom stadig å forbetre måten ein jobbar på. Rutinene skal også sikre at arbeidsplassen er trygg både for den enkelte og for miljøet rundt, og at alle relevante regelverk vert fulgt.

- Aktiviteten er svært høg og vi doblar omsettinga i konsernet frå 2012 til 2013. Det er utfordrande å gjere dette samtidig som vi innfører desse standardane, men det er bra både for kundane våre og for oss at arbeidsprosessane våre er systematisert, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven. Vi reknar med at miljø- og kvalitetssertifisering vil verte eit krav frå kundane våre framover. Kleven Verft er no det einaste verftet som har tilfredsstilt krava til både miljø- og kvalitetssertifisering. Heile konsernet skal sertifiserast, og arbeidet med dette tek no til umiddelbart på Myklebust Verft, fortel Rasmussen.