Ny kontrakt

Kleven skal bygge spektakulært spesialfartøy

Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 107 meter langt spektakulært spesialfartøy, designa for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn. Det luksuriøse men på same tid robuste og sjødyktige fartyet har grunnlag i den solide kunnskapen aktørane har om bygging av offshorefartøy for dei tøffaste forholda i Nordsjøen.
For eit år sidan vart designleverandøren Marin Teknikk i Herøy kontakta av reiaren med spørsmål om dei ville designe eit såkalla Expedition Support Vessel. 
- Reiaren likar vårt designuttrykk og verdset vår erfaring frå design av serviceskip til olje- og gassindustrien offshore samt havgåande fiskefartøy. Det har vore spennande å kunne utnytte den fagkunnskapen våre medarbeidarar sit på til å utvikle eit slikt luksuriøst fartøy, som vert bygd for ein ganske annan bruk enn offshorefartøya vi til dagleg jobbar med, seier Svein Rune Gjerde, adm.dir. i Marin Teknikk. For designerane våre har dette vore eit interessant prosjekt å jobbe med. Kunnskapen som vi har frå offshorefartøya har danna en god basis i utviklingsarbeidet med dette prosjektet også. Nye reglar og krav har og vil gi oss spennande utfordringar i design- og byggeperioden. 

- Vi har hatt eit godt samarbeid med Marin Teknikk i mange år, og har utvikla mange offshorefartøy saman. Dette fartøyet er eit godt døme på vår evne til å utvikle og bygge spesialfartøy og prototypar, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Reiaren ynskte norsk design og bygging ved norsk verft på grunn av leveringstid, kvalitet og pris. Vi er glade for å ha vunne fram i konkurransen på desse kriteria. Prosjektet vil vere av dei første der modular vert produsert i den nye robotiserte produksjonslinja på Kleven Verft.

Fartøyet vil få innreiing for 60 personar og utstyrt med blant anna helikopterdekk, helikopterhangar og symjebasseng. Det skal byggast ved Kleven verft i Ulsteinvik, og leverast i desember 2014.