Kleven skal bygge konstruksjonsfartøy for Rem

Kleven har inngått kontrakt med Rem Offshore om bygging av eit stort og avansert konstruksjonsfartøy til ein verdi av ca. 600 millionar kroner. 
- Kleven og Rem har hatt eit svært godt samarbeid over mange år, og at reiarlaget igjen vel å bygge hos oss set vi stor pris på, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Kleven har til no levert 14 fartøy til Herøy-reiarlaget, og har blant anna eit LNG-drive fartøy under bygging som skal leverast til Rem i januar 2013.

– Vi kontraherte eit tilsvarande konstruksjonsfartøy hos Kleven i april i år, basert på at vi har gode erfaringar med ‘Rem Forza’, som også er av same type og som blei overlevert frå Kleven Verft til Rem i august 2008, seier reiar Åge Remøy. Vi har stor tru på denne marknaden, og har difor altså vald å kontrahere to slike fartøy frå Kleven i år.

- Med ei lengd på 108 meter og ei breidde på 22 meter vil det vere av dei største offshorefartøya Kleven Verft har bygd. Fartøyet vil ha lugarkapasitet for 100 personar, og vi legg stor vekt på å gjere dette til så gode og trygge arbeidsplassar som mogleg for mannskapet, seier Ståle Rasmussen. 
Subsea støtte- og konstruksjonsfartøyet er av typen MT6022 frå Marin Teknikk i Tjørvåg. Fartøyet vil mellom anna vere utstyrt med ei stor offshorekran. Nybygget skal leverast i første kvartal 2014.
Kleven har no 14 fartøy i ordreboka, til ein verdi av nærare 7 milliardar kroner.

Ny kontrakt med Rem