Kleven Maritime skiftar namn til Kleven

Kleven Maritime skiftar namn til Kleven.
Kleven har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn innan skipsindustrien, både innanfor nybygg og service. Frå august 2012 går Kleven Maritime attende til å kun nytte Kleven som namn på konsernet. Dette gjer vi for å vere tydeleg og enkelt gjenkjenneleg, og for å forenkle kommunikasjonen i marknaden og i lokalsamfunna vi opererer i. Verfta våre heiter fortsatt Myklebust Verft og Kleven Verft.

Kleven er eit familieeigd selskap, med djupe røter i dei lokalsamfunna vi held til i. Selskapa i konsernet vårt har ei historie som strekkjer seg nesten hundre år tilbake i tid. Gjennom heile historia har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig forbetre arbeidsmetoder og resultat vore eit kjennemerke. No posisjonerer vi oss i ein aktiv marknad prega av tøff konkurranse gjennom modernisering av verksemdene våre på alle plan. Vi investerer i ny kunnskap, i nye anlegg og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.

Sjølv om mykje har endra seg oppgjennom historia vår, har verdigrunnlaget som Marius Kleven formulerte i 1944 vore det samme:

- Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.
Kleven Maritime blir Kleven