Viking Princess

Kleven leverer Viking Princess 17 dagar før kontraktsdato

Kleven Verft har idag, torsdag 13. september, overlevert byggnr. 347 Viking Princess til reiarlaget Eidesvik. Leveringa skjer heile 17 dagar før kontraktsdato.
- Svært erfarne organisasjonar både hos reiarlag og på verftet og eit nært og godt samarbeid forklarar denne tidlege leveringa, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. I tillegg har ein også fått effekt av at dette er skip nummer to til Eidesvik frå Kleven Verft i år.
Viking Princess er ein LNG-driven PSV, og skal direkte ut i langtidskontrakt med Statoil etter dåpsseremonien i morgon, fredag 14. september. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit skal vere gudmor for skipet, og dåpen skal foregå ved Bryggen i Bergen.