Intensjonsavtale med Hurtigruten - potensielt fire nye hurtigruteskip

Hurtigruten
Hurtigruten og skipsbyggingskonsernet Kleven signerer intensjonsavtale om bygging av inntil fire topp moderne ekspedisjonsskip. Det første skipet skal stå ferdig sommaren 2018.

- Dette er den største investeringa i Hurtigruten si 120-årige historie. Det er ein milepæl for oss, norsk reiselivsnæring og norsk skipsindustri. Vi skal bygge dei råaste ekspedisjonsskipa i verda, og alt ligg til rette for at vi skal gjere det her i Noreg, midt i hurtigruteleia, seier konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam.

Avtalen synliggjer Noreg si sterke internasjonale rolle som verftsnasjon. Den vil også sikre Hurtigruten sin posisjon som verdsleiande innan opplevingsturisme i Arktis og Antarktis.

Sikrar arbeidsplassar

Skjeldam og administrerende direktør ved Kleven Ståle Rasmussen hadde all grunn til å smile under dagens offentliggjering av avtalen om bord på MS Polarlys i Bergen. Intensjonsavtalen omfattar bygging av to nye hurtigruteskip tilpassa ekspedisjonsseglingar, og inkluderer opsjon på bygging av ytterligare to skip. Oppdraget betyr auka aktivitet i Ulsteinvik i år framover.

- Dette kan bli ein av dei største kontraktene i Kleven si historie. Vi ser for oss at 150 til 200 verftstilsette vil vere involvert til eikvar tid, i tillegg til to til tre gangar så mange på underleverandørsida. Ein kontrakt som dette vil sjølvsagt vere svært viktig for oss og ein sentral del av sysselsettingai prosjektperioden. At Hurtigruten er oppdragsgjevar gjer oppdraget ekstra attraktivt, seier Rasmussen.

Det er meir enn ti år sidan Hurtigruten sist bygde eit nytt skip, ekspedisjonsskipet MS Fram. Hurtigruten har i denne prosessen vurdert tolv verft over hele verda. Valet fall på Kleven Verft i Ulsteinvik. Tre av dagens hurtigruteskip er bygd ved Kleven Verft. Det siste skipet som blei levert frå verftet var MS Finnmarken i april 2002.

- Vi har vurdert tilbydarane ut frå eit omfattande sett kriterier der kvalitet, leveransedyktigheit og pris har vegd tyngst. Det var spesielt hyggeleg å sjå at eit norsk verft kom best ut. For oss er det viktig at Hurtigruten igjen kan bidra til aktivitet og arbeidsplassar i ein stolt og lang norsk verftstradisjon, seier Skjeldam.

Miljøvennleg teknologi

Skipa vert spesialtilpassa opplevingsbaserte ekspedisjonsreiser og kan segle også langs norskekysten. Eit eige prosjekt blir etablert for å sikre at dei nye skipa blir heilt i front når det gjeld bruk av nye miljøteknologiske skipsløysingar og framdriftssystemer.

- Hurtigruten skal vere fremst innan grøn shipping. Miljøhensyn er satt i høgsetet og ny teknologi skal bidra til lavare utslepp, seier Skjeldam. Skipa er designet av Rolls-Royce med bistand frå den anerkjente skipsdesignaren Espen Øino. Dei er konstruerte for lavt drivstofforbruk og maksimal komfort ombord.

- Dette blir innovative ekspedisjonsskip med avansert miljøteknologi som tek gjestar til unike og særprega reisemål. Det er svært inspirerande å få vere med på å verkeleggjere Hurtigrutens ambisjonar på dette området, seier Rasmussen.