H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit døypte Viking Princess

Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit døypte fredag 14. september Kleven Verft sitt nybygg til Eidesvik, Viking Princess, på Bryggen i Bergen.
Det nye supplyfartøyet vert drive med naturgass, og Kronprinsessa hadde mange spørsmål til Kaptein Svein Nesse då ho fekk omvising ombord etter dåpsseremonien.

Viking Princess har ei dødvekt på 6.500 tonn, ei lengde på 90 meter, breidde på 21 meter, og eit dekksareal på over 1.050 m2. LNG dual fuel-motorane sikrar lave utslepp av NOX og reduserte utslepp av CO2. Eidesvik Offshore og Kleven er pionerar innan bygging av gassdrivne fartøy, og bygde blant anna verdas første gassdrivne supplyfartøy, Viking Energy,  i 2003. 

Fartøyet vart levert frå Kleven over to veker før leveringsdato, og vil gå direkte inn i ein langtidskontrakt med Statoil. 
Prinsessedåp