Seismikkfartøy til GC Rieber

GC Rieber stadfestar seismikk-kontrakt

GC Rieber Shipping har stadfesta kontrakten med Kleven om bygging av eit seismikkfartøy, og med det heva alle atterhald i intensjonsavtalen som vart offentleggjort 13.02.2013.  Fartøyet skal utrustast ved Myklebust Verft for levering i mars 2015. Verdien er på omlag 700 millionar kroner. Kontrakten inneheld i tillegg ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.