ocean star dåp
foFoto: Kristin Hauge Klemsdal, Tall Ships Races

Flott dåp for Ocean Star

Døypt under Tall Ships Races i Bergen 25. juli.

Strålande sol, seglskuter frå heile verda og eit folkehav rundt Vågen i Bergen var dei flotte rammene for dåpen av byggnr. 367 frå Myklebust Verft - Ocean Star til Atlantic Offshore. Gudmor Alison Øgreid vart rodd frå Statsraad Lehmkuhl og over til Ocean Star i ein kopi av Enigheden; båten som rodde Eidsvollsmenn frå Vestlandet i 1814. Dei tre fartøya representerte 200 år med sjøfartshistorie i Noreg.  

Ulsteinvik, 28.07.2014.