De Beers stadfestar Kleven-kontrakt

De Beers Marine Namibia har i dag heva alle atterhald i kontrakten om bygging av eit 112 meter langt spesialskip for mineralutvinning på havbotnen.
Kontrakten vart offentleggjort i oktober 2014, men inneheld då eit atterhald om endeleg byggegodkjenning innan 1. mai 2015. Fartøyet er av typen MT 6022 frå Marin Teknikk. Dette er i utgangspunktet eit velprøvd design for offshore konstruksjonsfartøy, men fartøyet vil bli utstyrt med eit breidt spekter av spesialutstyr. De Beers er verdas største diamantselskap, og har 125 års erfaring innan utvinning og handel med diamantar. Dei driv óg ei rekke svært eksklusive forretningar verda over. Fartøyet skal leverast frå Kleven Verft sommaren 2016.
De Beers