Rem Arctic Fosnavåg
Kaptein Lidvin Larsen første Rem Arctic inn den smale innseglinga til Fosnavåg hamn med stødig hand, og no ligg nybygget klart til dåp og ope skip ved Almenningskaia. Foto: Berge Myrene

Dåp og ope skip i Fosnavåg

Fredag 22. mai vert Rem Arctic døypt ved Almenningskaia i Fosnavåg. Deretter er alle som ønskjer det hjarteleg velkomen om bord.
Rem Arctic er det foreløpig siste i ei imponerande rekkje av fartøy levert frå Kleven til Rem. Heile 18 fartøy har det blitt på under ti år!
Rem Arctic er eit plattform forsyningsskip (PSV) spesialbygd for operasjon i arktiske strøk. Fartøyet er av typen VS 485 MK III ARCTIC. Kleven har levert fleire fartøy av liknande design, men dette nye Rem-fartøyet vil få klassenotasjonen Winterized Basic. Det betyr mellom anna at fartøyet får funksjonar for hindring av isdanning og avising, og at skrog og propellar får klasse ICE-1B. VS 485 MKIII Arctic er designa av Wärtsilä Ship Design, og inneheld mykje lokale leveransar og utstyr, mellom anna frå Hareid Group og Brunvoll.