Arctic PSV for Rem

Arktisk PSV for Rem

Kleven har inngått kontrakt med Rem Offshore om bygging av eit plattform forsyningsskip spesialbygd for operasjon i arktiske strøk. 
Fartøyet er av typen VS 485 MK III ARCTIC. Kleven har levert fleire fartøy av liknande design, men dette nye Rem-fartøyet vil få klassenotasjonen Winterized Basic. Det betyr mellom anna at fartøyet får funksjonar for hindring av isdanning og avising, og at skrog og propellar får klasse ICE-1B.

- Vi set svært stor pris på det gode samarbeidet vi har med Rem Offshore, og at dei igjen vel å kome til Kleven for å få eit nytt fartøy, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Når dette fartøyet vert levert frå Kleven Verft våren 2015, vert det fartøy nr 18 frå Kleven til Rem sidan 2006. Det er ei eineståande historie, seier Rasmussen. Våre organisasjonar kjenner kvarandre svært godt, og det sikrar god gjennomføring av prosjekta.

- Vi er glade for å kunne nytte lokale verft og leverandørar, og har alt god erfaring med dette designet, seier reiar Åge Remøy.

VS 485 MKIII Arctic er designa av Wärtsilä Ship Design, og inneheld mykje lokale leveransar og utstyr, mellom anna frå Hareid Group og Brunvoll.