Miljøpolitikk

Kleven er ein stor industriaktør, og vi erkjenner at vår verksemd påverkar omgjevnadane lokalt gjennom våre produksjonsanlegg, og globalt gjennom at dei skip vi produserer ferdast verda over. For oss er det viktig å ha kontroll over denne miljøpåverknaden, og å drive slik at vår aktivitet gjev minst mogleg negativ påverknad.
  • Vi skal følgje offentlege miljøkrav som gjeld for vår verksemd.
  • Vår aktivitet skal føre til minst mogleg miljømessig ulempe for våre omgjevnader.
  • Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalyser, og program for oppfølging av desse.
  • Vi skal arbeide for kontinuerleg forbetring av miljøprestasjonane våre.
  • Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner våre miljømål og korleis vi arbeider for å kontrollere vår miljøpåverknad.
  • Vi kommuniserer vår miljøprestasjon internt og eksternt.