Kvalitetspolitikk

Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på. Det er grunnverdiane våre i Kleven.
  • Vårt mål er at kundane våre skal oppleve at vi er til å stole på, at vi leverer god kvalitet til rett tid, og at våre produkt og tenester innfrir kunden sine krav og forventningar.
  • Kvaliteten på arbeidet vi leverer skal vere eit konkurransefortrinn for oss.
  • Vi skal gjere ting rett første gang, og ha effektive system for erfaringsoverføring.
  • Vi skal systematisk utvikle både den praktiske kunnskapen i organisasjonen og høg formal/teoretisk kompetanse.
  • Vi skal aktivt arbeide for stadig forbetring av våre prosessar, tenester og produkt.